15/06/2026
Ledige plassar i Aukra kulturskolen skoleåret 2026/2027! 🌟
Lyst til å danse, skape eller spele? Vi har framleis ledige plassar på fleire av dei populære tilboda våre både på Gossen og i Julsundet.
Her er ein oversikt over kva du kan søke på akkurat no:
🩰 Dans
Vi har dansegrupper i ulike sjangre, og det er framleis ledige plassar på dei fleste gruppene!
🎨 Kunst og digital kunst
Har du ein kunstnar i magen, eller har du lyst til å lære meir om digital teikning og design? Vi har plass til fleire elevar!
🎶 Musikk
Vil du lære eit instrument eller syngje saman med andre? På musikk har vi nokre få ledige plassar igjen på følgjande tilbod:
Sanggruppe
Fiolin og bratsj
Kornett / trompet
Saksofon
Ikkje vent for lenge! Plassane vert fylte opp fortløpande. Ta kontakt med oss snarast for meir detaljar om tidspunkt, aldersgrupper eller om du lurer på noko anna.
Tlf: 91353876
Søk plass her: https://noaukra.speedadmin.dk/registration #/
14/06/2026
Aukradagen 2026 er over, og for ein flott dag det vart! Aukra kulturskole fylte store delar av programmet på utescena med mange flotte innslag. Vi er så stolte over alle dei flinke elevane våre 🤩
Her er nokre bilder frå dagen.
09/06/2026
1.–11. juni
Sted: Liljå, Aukra Kulturhus
Gratis inngang
ARV er eit samarbeidsprosjekt mellom Aukra kulturskole, Aukra bibliotek, kulturformidlar ved Aukra kulturhus, og profesjonelle kunstnarar / handverkarar. Målet med ARV er å vidareformidle lokal kulturhistorie og ta vare på den lokale kunst og handverkstradisjonen, og gje dei eldste kunstelevane eit større prosjekt.
I år har vi valgt å hente inspirasjon frå den samiske kulturen, og valgt keramikk som uttrykk. Dei eldste kunstelevane på Gossen og i Julsundet har deltatt i prosjektet. Elevane har hatt innføring i keramikk med lokal pottemakermester, Gro Kjellnes Løvik. Dei har lært om samisk kultur av kulturformidlar Marta Eidskrem og historieforteljar Anne Hungnes har vært innom gruppene og lest samiske historier for dei. Dette har inspirert elevane til å skape sine kunstverk i keramikk som er dekorert med fargar og mønster frå samisk kunst og kultur.
Kunstlærar Liz Roberts har veileda elevane gjennom heile perioden, og vi er stolte av alle dei fine arbeida dei har laga!
Kunstutstillinga er open i biblioteket si opningstid fram til og med 11. juni.
06/06/2026
I dag fylte de fantastiske danseelevene scenen med energi, musikk og visuell dansekunst i danseforestillingen «Mellom rammene» 🌟🎉
04/06/2026
I går hadde vi en flott huskonsert på Julsundet skole. Tusen takk til alle som tok turen for å høre på! Elevene var fantastiske, og det ble en utrolig fin stund sammen. 🎶🌟
19/05/2026
Er du glad i å teikne, male og skape noko med hendene? Eller lære deg korleis du kan teikne digitalt?
🎨🖌️🖼️
Aukra kulturskole har ledige plassar på kunst og digital kunst kommande skoleår. Her får du saman med andre utforske din kreativitet med mange ulike teknikkar og materialar.
Vi har aldersinndelte grupper i kunst og digital kunst både på Gossen og Julsundet. Det er ledig plass på dei fleste grupper, og vi tek inn elevar så lenge det er kapasitet.
Meir info og søk her: https://www.aukra.kommune.no/aukra-kulturskole/vare-tilbod/kunst/